Elevblogger

Kenyatur - dag 4-6

Idrett - Bistand - Afrika

Oppdatert: 02.02.2011 16:56

Her kommer fortsettelsen fra Kenyaturen vår... Og i morgen kan du lese om turen til Mt. Kenya på 4985 moh!

Dag 4

Me var komne til den tredje dagen vår i Kenya, og denne morgonen blei finkleda tatt på. Kyrkjebesøk i slummen stod blant anna på programmet, og det var litt av ein gudsteneste me vart vitne til. Imponerande var det å sjå ei dansegruppe med ungar heilt ned i 3-4 års alderen framføre eit heilt forrykande danseinnslag med rytmer nordmenn berre kan drøyme om. Etterkvart vart det også klart for dei stive og urytmiske nordmennene på scena. Her framførde me tri songar, kanskje med varierande hell etter manges meining. Då gudstenesten vart avslutta, blei me invitert på lunsj hos den svært gjestfrie presten i menigheten. Chapati (ein afrikansk variant av pannekake, som me blei godt kjende med) blei servert saman med geitekjøt, viss me gjetta riktig. Før me retta kursen mot ein ny barneheim, gjorde gåturen gjennom slummen sterke inntrykk på einkvar av oss. Det er verkeleg noko heilt anna å sjå det med eigne auge, enn å ha sett det på tv. Deretter gjekk turen til ein barneheim for funskjons og psykisk utviklingshemma born. Dette var nok ein nok ein sterk oppleving for klassa, og mange satt igjen med litt blanda kjensler etter dette besøket.

Dag 5

Denne dagen veit eg at mange av oss ser på som eit av dei store høgdepunkta på turen. Kva me skulle denne dagen, var lenge eit stort mysterium. Men da me endeleg klarte å lure ut av Martin(guiden vår) at me skulle tilbringe dagen ved eit symjebasseng, blei me yre av begeistring. Då me låg ved bassenget, nøyt sola med ein iskald cola til 1,50 norske kroner var me alle samstemte om at; nå kunne me ikkje hatt det betre. Verken 20 - i Valdres, eller skikjøring i alpane frista nevneverdig. Og då me ikkje trudde dagen kunne bli betre, skulle det vise seg at denne dagen skulle by på enda fleire høgdepunkt. Turen gjekk til den betre delen av Nairobi, og til ein heilt annleis barneheim enn gårsdagens. Huset var av vestleg standard, og her fekk me verkeleg oppleve at borna hadde det bra. Barneheimsbestyraren hadde ein visjon om at var betre å gje eit godt tilbod og ein god heim til få ungar, istadenfor å samle alt for mange ungar på ein alt for liten plass.

Dag 6

Etter ein nær døden oppleving i matatuen(minibuss), var me framme ved nok ein barneheim i utkanten av Nairobi. Også denne gav eit heilt annleis inntrykk enn dei tri foregåande. I motsetning til gårsdagen var denne statleg drivne barneheimen overfylt av born , 95 i talet. Ein kunne merke at desse ungane ikkje blei gitt den omsorgen me såg blei gitt dagen før. Her blei heile IBA overfalt av omsorgstrengande born med ein gong me entra bygninga.

Etter eit velsmakande pizzarestaurantbesøk og hurtigshopping på eit kjøpesenter tok dei fleste ein roleg ettermiddag på i hagen på Amani senteret. Medan andre la ut på sprang i høgda...

 

Skrevet av Gjermund