Idrett - Bistand - Afrika
Oppdatert: 24.01.2012 11:10
Medan resten av klassen sleit seg opp Mt. Kenya, var Lene J, Lene R. H og Anna igjen i Nairobi grunna sjukdom og skader. Sidan med hadde mykje på programmet fekk me oss ein eigen guide, John, som var med oss heile tida.
Første dagen var vi på barneheim for elefantar og ein
krokodillefarm. Utruleg spanande å høyre om korleis dei oppdreg
foreldrelause elefantar og hjelper dei slik at dei kan overleve på
eigehand ute i naturen seinare. På krokodillefarmen fekk vi lov til
å halde krokodiller og skilpadder. I tillegg fekk vi mata nokre
strutsar og ein sjiraff.
Planen for neste dag var besøk på barneheim for fysisk og
psykisk utviklingshemma, kalla Maji Mazuri. Her vart vi vist rundt
av Jeff Dei hadde fysioterapeut, sjukepleiar, lærare, barnehage, og
eigne senger til alle. Dette var eit barneheim med god standard i
forhold til kva anna vi har sett her. Vidare gjekk turen til eit
barnefengsel med barn i alderen 7-18 år. Alle saman sona same
straff for lovbrot som mord, valdtekt, tjuveri, rømming og
heimlausheit. Det var frustrerande å sjå korleis barna fekk same
behandling for mord og heimlausheit. Det var tydeleg at barna ikkje
ønskja å vere der.
Tredje dag var vi hos kona til Martin (sjefsguiden vår i Kenya),
Ruth. Her fekk vi møte systrene til både Martin og Ruth, og ikkje
minst dottera til Martin, Valerie. Vi drog til butikken, og etterpå
fekk vi sjå korleis dei laga kenyansk mat, Pilau. I tillegg fekk vi
ordna håret, og Lene J. våga seg på rastafletter i heile håret.
Siste dagen aleine gjekk turen til markedet. Her fekk vi prøve
oss på pruting, noko som viste seg å vera stressande. Men alt i alt
var vi fornøgde med dagens innkjøp. Vi avslutta dagen med å besøke
John for å sjå korleis han budde før vi reiste tilbake til Amani
Center og ønska resten av klassen velkomen heim.
Skriven av; Anna Underbakke Lien