Elevblogger

21.01.2011, Første veke med språkskule

Global Village – LatinAmerika

Oppdatert: 21.01.2011 19:31

¡Hola! No er vi ferdige med forste veka her i San Pedro, og er godt i gang med spanskundervisninga. Vi syns alle at det gaar straalande, men om vi klarer aa gjere oss forstaatt er ei anna sak.

San Pedro er ein liten og koselig pueblo, som ligg rett ved innsjoen Lago Atitlán. Sentrum av byen er prega av at her er mange spraakstudentar og andre alternative (..og litt rare?) folk. Sidan vi bur hos lokale familiar, kjem vi naert innpaa kvardagen deira, og laerer mykje om korleis livet her er. Dagane vaare er kontrastfylte og vi ser store forskjellar mellom korleis turistane har det, og korleis dei nye familiane vaare lever litt lenger oppe i byen. Mange av spraaklaerarane er ivrige til aa fortelle om haaplaus politikk og harde arbeidsdagar. For mange av oss er dette forste motet med ein litt hardare verklegheit.

I tillegg til spanskundervisning, har vi kvar dag vore med paa mange aktiviteter. Nokre av kveldane arrangerer spraakskulen seminar og filmar om for eksempel mayakulturen og borgarkrigen. I tillegg har vi vore paa fleire ekskursjonar med Audun som guide.  Mellom anna har vi besokt ei kaffeplantasje som er i gang med fairtrade-sertifisering. Der fekk vi laere om prosessen fra busk til ferdig kaffi, og fekk smake paa verdens beste kaffi! Ein annan dag spelte vi fotballcup med ungdommar i eit prosjekt som spraakskulen driver, Niños del Lago. Sjolv om fotballferdigheitene varierte litt, vart det ein hard kamp.

Laurdagen hadde vi fri fraa skulen og hadde meldt oss paa ulike aktivitetar. Ein gjeng drog paa fjelltur paa ein liten topp som heitte Indian Nose, etter den karakteristiske forma. Paa toppen var det utkikkstaarn med ei fantastisk utsikt. Guiden kunne fortelle indianerlegender om ein gravplass der ein kunne be om eit lenger liv, viss ein nerma seg slutten. Heimturen var ein opplevelse i seg sjolv, alle elevane tett stua saman paa lasteplanet paa ein liten lastebil, nedover ein humpete og smal veg.  Krava til sikkerheit er ikkje saa store i dette landet, kan ein vel seie. Nokre andre elevar fekk brutt 3000m-grensa, paa vulkanen, San Pedro, som ligg rett bak byen. Etter aa ha staatt opp klokka fem om morgenen fulgte tre harde timar rett opp gjennom skogen. Skogen var reine jungelen. Vi fekk slenge oss i lianer og guiden hadde nyleg var observert baade puma og jaguar. Heldigvis var utsikta absolutt verdt strevet! Vi fekk med oss soloppgangen paa vei opp og fraa toppen kunne vi sjaa heile lagoen. Sidan vi hadde begynt saa tidlig, fekk vi ogsaa med oss ein nydeleg kajakktur over vatnet der vi bada og kosa oss i sola. Somme var litt modigare enn andre, og hoppa fraa klippene, minst 10m! 

Sondagen tilbragte vi i den litt storre byen, Panajachel. Der fekk vi provd oss paa Canopy, taubaner oppe i dallsida. Det var nok mange av oss som var litt sjelvande daa vi kasta vi oss utfor forste bana, men utsikta og folelsen av aa henge i lause lufta ti meter over tretoppane, var fantastisk! Etter aatte baner kom vi ned til starten igjen, fulle av adrenalin og med masse kule bilder som bevis. Ettermiddagen brukte vi paa det store, fargerike markedet, der vi fekk testa ut spanske gloser og pruteferdigheiter. Baaten tilbake over innsjoen var full av fargesterke vesker, hengekoyer, sjorter og haremsbukser. 

Med saa masse aktivitetar, vert vi litt trotte mot slutten av dagen. Og kveldane brukar vi stortsett til aa teste ut dessertmenyen paa dei ulike restaurantane. Vi er litt ueinige i dommen, men forelopig ligg vel sjokoladevulkanen paa ZooLa som ein favoritt.

Un abrazo de Guatemala!