Elevblogger

Kenyatur - dag 7-10

Idrett - Bistand - Afrika

Oppdatert: 03.02.2011 21:09

Mt. Kenya here we come!

Dag 7

Vi byrja dagen med ein 4 timer lang busstur, etterfylgt av 2 timer i nokre Land Rovera på ein særs humpete veg. Då vi kom fram var vi 2950 moh, og dagens etappe var å komme seg til 3300 moh. Vi tok ut det vi trong av sekkane, og bar i veg oppover fjellsida. Det tok oss kun 1 time og 45 minuttar, sjølv om guiden sa at det kom til å ta 3 timar. Etter vi hadde kome fram slappa vi av, før guiden tok oss med ned til eit spektakulært fossefall. Det var utruleg vakkert!

Når vi kom tilbake var det klart for ein herleg middag, før vi la oss for å kvile ut før morgondagens strevsame etappe.

Dag 8

Vi vakna opp til klar himmel og strålande sol, og utsiktene for dagen var mildt sagt gode. Uheldigvis måtte 2 av elevane kaste inn handkleet (ei var sjuk og den andre hadde vrikka begge oklene på veg mot soveposen kvelden før). Resten av gjengen held fram ferda oppover mot "Basecamp 2", som låg på 4200 høgdemeter. Dei tre fyrste timane hadde vi strålande sol og dei fleste av oss gjekk i shorts. Dei neste tre timane var prega av hagl, snø og regn. Då vi kom fram, stilte alle saman seg inni eit skur som var der oppe. Det var veldig interessant å sjå kor godt humør berarane var i, sjølv om dei var søkkvåte og kalde. Etter ei stund tok guiden oss med bort til kanten av fjellveggen. Nokre av oss satt med beina dinglande utafor stupet, som var 380 meter djupt. For eit spektakulært syn!

Dei fleste av oss hadde no fått kjenne høgdesjuka på kroppen, og ein del vart ganske dårlege. Vi gjekk i sengs rundt klokka sju på kvelden, fordi vi skulle begynne å gå klokka tre på natta for å rekke å få med oss soloppgangen når vi stod på toppen.

Dag 9

Klokka to på natta kom Kjetil og vekte oss, og etter ein time var vi klare til avreise. Vi gjekk i ca 4 timar i svært bratt terreng før vi nådde toppen. Vi gjekk veldig sakte oppover, for ikkje å verte dårlege. Gjekk ein for fort begynte det å dundre i hovudet, så vi gjekk med ei fart på ca 1 km/h. Vi rakk ikkje å sjå soloppgangen frå toppen, men vi såg den ca hundre høgdemeter under toppen. Vi kom til topps ca klokka kvart over sju på morgonen, og satt 4985 moh og naut den fantastiske utsikta. Det skal visst vere mogleg å sjå heilt til Mt. Kilimanjaro dersom det er klart vêr. Etterpå begynte vi å gå nedover i eit mykje raskare tempo enn når vi hadde gått opp! Det var gøy å endelig kunne gå i eit vanleg tempo igjen, i staden for å gå like raskt som ei skilpadde. Vi åt ein god frukost på 4300 moh, før vi det bar nedover til 3300 høgdemeter, der vi skulle slå leir.

Dag 10

Vi vakna rundt klokka halv åtte, åt frukost og pakka oss klare til dagens etappe. Den bestod i å komme seg frå 3300 moh ned til 2650 moh. Det var ei veldig grei etappe, og vi gjekk på ein traktorveg heile tida. Når vi kom fram til "endestasjonen", hadde vi ei fin lita samling med berarane og mannskapet. Alle saman takka kvarandre for turen, ein av elevane sa nokre ord og det same gjorde ein av berarane. Til slutt tok vi eit fellesbilde før vi sat oss inn i matatuane og køyrde "heimover" til Nairobi.

 

Skrevet av Martin